Om oss

Evaluering av oppfølgingsteam

02.juli 2024

Personar med behov for tenester frå fleire ulike aktørar treng at tenestene samarbeider godt. Strukturert tverrfagleg oppfølgingsteam er ei arbeidsform som tek utgangspunkt i behovet til brukaren. Målet er koordinert innsats og betre tenester.

Sintef har på oppdrag frå Helsedirektoratet evaluert piloten gjennom fem år, og sluttrapporten "Struktur og fleksibilitet i oppfølging og koordinering" er no publisert. Evalueringa har hatt som mål å vurdere måloppnåinga av tiltaka i piloten og etablere eit erfaringsgrunnlag for andre kommunar, Piloten har gitt verdifulle innsikt i korleis kommunar kan løyse utfordringar med koordinering og samarbeid på tvers gjennom å systematisk innarbeide tverrfaglege team som generisk arbeidsform og samtidig sikre etterleving av lovkrav.

 

I evalueringsrapporten peikar Sintef på følgjande suksessfaktorar

 

  • Sterk forankring av utviklingsarbeidet i ein kompetent, tverrfagleg koordinerande eining, som har eit tydeleg mandat
  • Involvering og tiltak frå toppleiinga 
  • Involvering av alle relevante tenesteområde (ikkje berre helse) 
  • Leiarnettverk og workshops på tvers av tenesteområde 
  • System for opplæring (leiarar, koordinatorar, andre tilsette) og system for koordinatorstøtte  

 

Se hele rapporten på SINTEF sine nettsider

 

Les mer om nasjonal veileder for oppføling av personar med store og samansette behov

Til toppen